0
Shares

Røldal Stavkyrkje med det undergjerande krusifikset er det naturlige midtpunkt i bygda. Kyrkja er bygd på 1200-talet, og er ei av dei eldste stavkyrkjene i landet. 

 Kyrkja er framleis i full drift, og open for besøkande om sommaren. Kyrkja er vel verdt eit besøk på grunn av si spesielle historie og utsmykking. Røldal er landets største pilegrimsmål i tal vandrarar!

Informasjon
Røldal Stavkyrkje er den viktigaste turistattraksjonen i bygda og litt midt i bygdesentrum. Kyrkja er mykje besøkt på grunn av si spesielle utsmykking og historie.

Historie
Kyrkja blei bygd omkring år 1250. Opphavleg var kyrkja svært enkel med berre eitt rom. Etter kvart blei kyrkja utvida, ein svalgong kom til og den blei dekorert innvendig. Midt på 1800-talet blei kyrkja bygd om med bordkledning både inne og ute i tillegg til at den blei kvitmåla. Kyrkja blei restaurert på tidleg 1900-tal og fekk tilbake mykje av utsmykkinga frå middelalderen.

Røldalskyrkja er kanskje mest kjend som pilegrimskyrkje og var den nest viktigaste pilegrimsdestinasjonen etter Nidarosdomen i katolsk tid. I moderne tid er det organisert vandring frå alle himmelretningar til Røldal. Opphavet til pilegrimsvandringa er krusifikset som ifølge soga skal ha ei helbredande kraft kvar jonsoknatt. Ved midnatt vart det halde gudsteneste og pilegrimane fekk kome fram og ta imot dei lækjande dråpane krusifikset skal ha sveitta. Sjølv om denne type aktivitet blei forboden ved reformasjonen, heldt pilegrimar fram med å valfarte til kyrkja heilt fram til om lag 1850.

I dag
I dag er kyrkja framleis i bruk som soknekyrkje. Pilegrimsaktiviteten har tatt seg opp att i moderne tid og kvart år arrangerast eit pilegrimsstemne helga nærast opp til gamaljonsok, 7. juli. Kyrkja er i vanleg bruk for bygda, og du er hjarteleg velkomen til å besøke kyrkja i gudsteneste eller som turist. Røldalskyrkja er ei unik ramme for vigsler, og serveringsbedriftene i bygda kan hjelpe deg med å lage ditt livs beste dag!

Mange av relikviane frå Røldal stavkyrkje er i dag lagra andre stader, og  Røldal pilegrimssenter som skal kome i tilknyting til kyrkja vil gje eit enda betre tilbod til besøkande i framtida.