0
Shares

Røldal Bygdemuseum ligg på garden Hauge, langs Bygdavegen midt i bygda. Dette er ein tradisjonell gard som viser korleis folk levde i Røldal frå 1850 til om lag 1950.

Museet har fire bygningar: hovudhus, løe, eldhus og Rabbastova, eit lite hus som er flytt til området i seinare tid. Museet viser typisk arkitektur, inventar, reiskapar og ei særleg interessant samling tekstilar som mellom anna inneheld ei samling svært spesielle dåpshuver.

Historie
Museet er eit tun som opphavleg blei gitt av Tor N. Hauge til Odda Kommune som museum i 1984. Alt står så og seie slik som då Tore levde og budde der. I seinare til har det eldste gardshuset i Røldal, Rabbastova, blitt flytt til området frå garden Rabba.