0
Shares

På Seim, ein av dei eldste gardane i Røldal, ligg eit gravfelt frå jernalderen. Opphavleg var her meir enn hundre graver, men dei fleste er forsvunne gjennom åra, mellom anna ved dyrking.

I dag finst det eitt felt igjen med 12 godt bevarte og synlege haugar. I ei gamal løe på garden finn du ei utstilling som omhandlar gravhaugane med fotomontasje og modellar av gravfunna.