0
Shares

Røldal kan by på flotte sykkelmoglegheiter i utruleg terreng for den som har eigen sykkel. Stort sett er sykkelrutene på grusvegar, men det er og moglegheiter for stisykling.

Med unntak av hovudvegen gjennom bygda, E 134, er det særs lite trafikk og stort sett trygt å sykle, sjølv på riksvegane. Ver allikevel varsam og bruk hjelm. Hugs at snøen ligg lenge i fjella våre, og derfor er det snø på dei høgastliggande vegane heilt fram til juli månad.