0
Shares

Sommarski i RøldalSjølv om heisane har slutta å gå, er det ingen grunn til å pakke bort skiutstyret! I fjella i Røldal er det ikkje berre fantastiske fotturar, her finn du snø stort sett heile året,!

Kva er vel betre enn kombinasjonen av mange varmegrader, trim og skiføre? Røldals enorme snøfall gjennom vinteren gir unik moglegheit for  sommarski. Mange småvegar tar deg langt til fjells, vegar som opnar på rekke og rad utover sommaren.

Har du aldri vore på ski om sommaren er det et par tips som kan være greie å ta med seg:

1) Ta ein litt større sekk enn du bruker vinterstid, og putt skisko i sekken. Gå til topps på joggesko/fjellstøvlar, og skift til tørre sokkar på toppen.
2) Vær spesielt merksam ved bekker under snøen, dei tiner snøen nedanfrå og kan lage parti i snøen som ikkje held din vekt.

 

Vi gjør oppmerksam på at all skikøyring utanfor preparerte løyper, også sommartid inneber ein viss risiko. Er du usikker på ditt eige nivå, eller ynskjer ei garantert trygg oppleving bør du hyre Røldalsguidane - www.roldalsguidane.no

I mai og juni ligg snøen som regel heilt ned i skisenteret, mellom tunellane og på Histeinnuten frå Korlevoll Skistadion til om lag 1/6. Oppe på Haukeli er det fint å gå dei fleste plassar på "vår" side av fylkesgrensa, nordveggen på Sveigen (parkering rett aust for auståpninga på Haukelitunnellen) held som regel lengst. Frå dette området er det og fine langrennsmoglegheiter innover mot Middyr langt utover sommaren.

Når FV 520 mellom Røldal og Sauda opnar, er det tid for å utnytte dei relativt lågtliggande områda før dei smeltar vekk. Blant klassikarane er Hegerlandsnuten, oppstigning og nedkøyring skjer i Kringletjørnskaret. Av andre forsommeralternativ i området kan nemnes ruta i Kvitenuten via "Den skjulte renna" (oppstigning rett etter andre hårnålssving på vegen mot Sauda).

Når Valldalsvegen opnar tidleg i juni kan det i snørike vintre la seg gjere å køyre nesten heilt ned Nordvestflanken av Kvessenuten mot Valldalsvatnet, nordveggen mot Middalsbu held gjerne nokre veker lenger, men her må du rekne litt anmarsj til snøen.

Anleggsvegen i Blåbergdalen opnar normalt i slutten av juni, men enkelte år ligg ei gjenstridig snøfonn ved Austmannabekken og blokkerar for skieventyr. Om det går å køyre heilt inn byr Nordrenna på Midnuten på lang, trivelig nedkøyring utan anmarsj. Denne linja pleier å smelte ut tidlig i juli. Breifonnveggen (rett vest for punkt 1413) byr på særs bratt skikøyring langt ut i juli månad.

 Gamleveien over Røldalsfjellet gjev enkel tilgang til områda rundt Månedalen og Eskjeflota. Her er det og fint med tuski opp mot Histeinnuten.

Rundt midten av juli er det normalt smelta fram eit godt stykke på anleggsvegen til Nedre Sandvatn frå FV520, og då startar skisesongen på Søre Tinden. Gå over demninga og fortsett rett fram (retning SV) om lag 400 m. Her kjem du til renna som tar deg opp til høgre, sør for punkt 1297 til Søre Tindens nordøstflanke. Besøk gjerne toppen, men skikøyringa starter på 1500 m. Dei sprekaste tar fleire turar ned til tjern 1146, før renna tar deg ned att mot bilen.

20 august opnar anleggsvegen inn til Middyr på Haukelifjell, og då ligg Nordflanken på Stavsnuten plutseleg nære bilveg. Området mellom 1661 og 1587, ned mot kraftstasjonen og Middyrvatnet byr på fleire meir eller mindre sammenhengande snøfelt. På denne tida av året er det ofte nattefrost, så det kan vere lurt å bu seg på hardt føre. Er du heldig får du nysnø på gammelsnøen og en liten forsmak på vinter.

Når alt har smeltet, og du allikevel MÅ på ski tar du turen til den lille bratte fonna mellom Midnuten og Breifonn. Frå parkeringa innerst i Blåbergdalen følgjer du stien mot Jonshol på sørsida av elva eit stykke, før du rundar Midnuten og følgjer sporadisk varding opp dalen mot sørvest. Sjølve fonna er så å seie sprekkfri, men såpass bratt at utglidningsfaren er reell. Ver varsom om det er hardt her oppe. Har du ekstra tid er det vel verdt å gå oppom toppen på Breifonn (1616), med utsikt til Noregs sørlegaste isbre.