0
Shares

preikestolen

Med base i Røldal kan ein nå eit stort tal av Noregs mest kjende attraksjonar. I dagsturavstand frå oss finn du alt du måtte ynskje, uansett om det er kultur, natur eller aktivitetar du vil fylle dagen med. Mange vel å nytte Røldal som base for dagsturar til Preikestolen og Trolltunga, men det er mykje meir å oppleve med utgangspunkt i Røldal!


Mot aust kjem ein via FV 362 og RV 37 til Rauland, Skinnarbu og Rjukan. Dei sprekaste tar turen til toppen av Gaustatoppen, ein må rekne ein full dag på dette. Det er og mogleg å ta bane til Gaustatoppen. Vemork med industrimuseum og unik krigshistorie er og verdt eit besøk, det same med Hardangervidda nasjonalparksenter og høgfjellscruise på Møsvatn. Dei sistnemnde finn du ved Skinnarbu, knappe to timar frå Røldal. Undervegs køyrer du gjennom vakker natur med mykje gamle trehus.

I søraust finn ein i Tokke det historiske Dalen hotel, men og Eidsborg stavkyrkje, Ruiplassen og Vest-Telemark museum er verdt ei vitjing. På vegen austover eller heim att er eit stopp på Mjonøy obligatorisk, her finn du Telemarks beste bakverk. Vel du heller RV 9 til toppen av Setesdal finn du mellom anna badeland og heisbasert sykling ein dryg time unna, på Hovden. Her er og eit museum som syner framstillinga av jern i vikingtida, ein prosess som var utbreidd rundt heile Hardangervidda.

Mot sør startar reisa med den dramatiske og naturskjønne Bratlandsdalen. I Suldal finn ein mellom anna laksestudio og laksesafari. Høse bru er og verdt ei vitjing. Vidare mot sør er Preikestolen den største dagsturattraksjonen saman med Nasjonal turistveg Ryfylke. Lik du å gå meir for deg sjølv er Skomakarnibbå i Hjelmeland ein veldig flott fottur som ikkje er så kjend.

I sørvest er FV 520 over Saudafjellet ein attraksjon i seg sjølv, med enorme snømengder, ville fjell og vitne om ingeniørkunst og blodslit. Utrulege utsiktspunkt finn du mellom anna på Hyttehaugen. Denne vegen er naturleg nok utvald til Nasjonal turistveg, og flotte attraksjonar langs vegen er Almannajuvet og Svandalsfossen.

I vest er Langfoss og Åkrafjorden rett rundt hjørnet, med strikkhopp og båtturar. Traktorsafari til den isolerte garden Eikemo er og å finne her.

Mot nord kjem du inn i Hardanger, og Fossenes dal synar seg i all si prakt på vegen mot fjorden. Folgefonn når du på eit par timer frå Buer, eventuelt kan du køyre heilt til isen via Jondal. Her oppe finn du og sommarskisenteret Fonna Glacier ski resort, ein og ein halv time frå Røldal. I Skjeggedal 60 min frå Røldal tek turen til Trolltunga fatt. Her kan Trolltunga Active by på Zipline, guida turar og andre opplevingar.