Velkommen til Røldal sommersider!

0
Shares

I og rundt Røldal finn du eit utal spor etter tidlegare aktivitet. I fjellområda finn du stølstufter, gamle ferdslevegar og teikn på tusenårige jakttradisjonar.

Vegane som førte til Røldal i eldre tider ligg der framleis slik dei har gjort i mange hundre år. Ingen veit kor gamle dei er, eller kven som bygde dei.
Desse var vegane for handelskarar som skulle på marknad, dei som skulle til aust- eller vestlandet i forskjellige ærend og for pilegrimar. Under tidleg mellomalder nytta ein vegen gjennom Røldal på veg mellom austlandet og Erling Skakke sin bustad i Etne. Vegen som går til Telemark er no merka som pilegrimsveg.

Det er fleire dyregraver, buplassar og anna fornminne i fjellet. Den no neddemde Ullshedler i Valldalen har ein særs spanande historie. Under hellertaket er det ei hylle som ble brukt som soveplass for born då gardsfolk på 1800-talet hadde stølsdrift der. Vi veit at helleren har vore i bruk lenge før dette. I løpet av somrane 1962-63 fann arkeologane spor etter bruk i både eldre og yngre jernalder – kanskje tilbake til siste del av bronsealderen. Det er og eit helleristingsfelt om lag 30 m søraust for buplassen. Fleire fotsolar, ein hest med ryttar og båt med mannsfigur er berre nokre av dei i alt 11 motiva som var hogne inn i bergveggen. Kanskje har det vore mange fleire, for bergveggen består av en laus bergart og er sterkt forvitra. Ristningane er frå slutten av bronsealderen eller byrjinga av eldre jernalder. Ein rekonstruksjon stend ved Røldal Grendahus no.

Rundt Røldalsvatnet ligg fleire spanande kulturminne. I Botnen heilt i sør er ein særeigen historie om kvekarar og ei overnaturlig hending. På slutten av 1860-talet og byrjinga av 1870-talet utvandra 86 personar frå Botnen til USA, i alle fall til dels grunna religiøse spenningar. Ein finn eit minnesmerke frå denne hendinga i Botnen, der er namnet på alle utvandrarane. I Botnen finn du og eit restaurera kvernhus.

På gamlevegen mot Seljestad finn du minnestøtta over ei unik hending i Norsk posthistorie. Postførar Gunnar Turtveit vart i januar 1903 tatt av snøras, og i heile 56 timar låg han under snøen. Han nytta sitt eige posthorn til å grave seg ut av snøen.

Vil du bli enda betre kjent med fornminna rundt Røldal kan du finne nokre turmål på kulturminnesok.no

Sommaraktivitetar

Sommeraktiviteter i RøldalVelkomen til Røldal, den perfekte base for naturopplevingar i Fjord-Noreg!

Her finn du uendelege stiar og fjellvegar i alle retningar, flotte fiskevatn og til og med toppar med snø heile året!

Les meir

Attraksjoner

Røldal StavkyrkjeI og rundt Røldal finn du eit utal spor etter tidlegare aktivitet.

I fjellområda finn du stølstufter, gamle ferdslevegar og teikn på tusenårige jakttradisjonar.

Les meir

Overnatting

Overnatting i RøldalRøldal har tradisjonar for reiseliv, og her finn du alt frå enkle teltplassar til moderne hotellrom.

På Hordatun er det hotellrom og leilegheiter, og inne i Røldal finn du eit breitt utval overnatting for ein kvar smak.

Les meir