0
Shares

3.2.2skysstasjonen

Skysstasjonen ligg midt i fjellbygda Røldal, 300 meter frå E134 på vegen mot stavkyrkja.
Skysstasjonen har 11 vel utstyrte hytter med totalt 60 senger. Du kan også bu i telt, campingvogn eller bubil.
Me har alle fasilitetar på campingplassen.

 

Me har restaurant med servering kvar dag i sesongen. Me har òg skjenkjeløyve for øl, vin og brennevin. Du kan kople deg til trådlaust nettverk stort sett over heile campingplassen og frå dei fleste hyttene.

Me kan leggja til rette for aktivitetar for grupper, og har sauna og badestamp, I grillhytta vår er det plass til rundt 25-30 personar. For ungane har me trøbilar, gravemaskin og sandkasse, og ein spennande skog.

http://www.skysstasjonen.no
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Telefon: 53 64 73 85