0
Shares

Røldal ligg i hjarta av Sør-Noreg. Hit går det daglege bussavgangar frå dei større byane som Bergen, Oslo, Stavanger og Haugesund med Nor-Way Bussekspress.

Næraste flyplass er Haugesund Lufthamn Karmøy, som ligg om lag to timars køyring frå Røldal.

Kjem du med eigen bil finn du oss 3-4 timar unna dei store byane i Sør-Noreg. Flotte naturopplevingar får du med på vegen til Røldal, uansett kva veg du tek! Nasjonal turistveg Ryfylke, FV 520, er vinterstengd i perioden november-mai/juni, alle andre veger til Røldal er heilårsopne.