0
Shares

Røldal har eit relativt tørt klima om sommaren, i alle høve i eit vestlandsk perspektiv. Nedbørsnormalen for juni-august er om lag som Kristiansand.


Mye snø i fjellet gjev kort og intens vår i Røldal, med lauvsprett kring 17 mai. Temperaturen er i snitt 13,5 gradar i juli.

Røldal kan få særs varme dagar, med opp mot og ein og annan gong over 30 gradar. I høgfjellet må ein derimot vere førebudd på frost alle årets månader. Dei aller fleste vatn i Røldal har tilsig frå høgfjell og snø, og badetemperaturen i Røldalsvatnet ligg på om lag 14-16 grader i juli. Hausten tek til i september, og snøen kjem gjerne i fjellet allereie tidleg i oktober.