Velkommen til Røldal sommersider!

0
Shares

Det er historielaga i Vest-Telemark og einskildpersonar i Røldal som er årsaka til at vi i dag har høve til å gå pilegrimsvandringa. Det var dei som tok på seg arbeidet med å lokalisere vegen, rydde og merke han. Saman med tidlegare pilegrimsprest i Nidaros, Rolf Synnes, organiserte dei den fyrste vandringa. Dei er framleis eigarar av prosjektet.


Pilegrimsvegen representerer gamal kulturhistorie, det same gjer bygdene og landskapet han går gjennom. Mellomalderen sine pilegrimsvandringar til Røldal er ein del av den historia vegen ber på.

Historielaga er framleis engasjerte i avviklinga av den årlege vandringa. Dei stiller med kjentmenn som er førarar på alle dagsetappane. Dei kjenner både vegen og den kulturhistoria som er knytt til han. Undervegs vil dei stoppe og fortelje om det som er av interesse.

Med på vandringa vert ein kyrkjeleg person som er vandringsleiar på heile turen, og vil halde små, daglege tekstmeditasjon, anten ute i friluft, eller i dei kyrkjene vi vitjar på vegen.
Ut over dette er turen slik at kvar einskild legg i han det ein ynskjer.

Frå aust er det organiserte turar på 3, 8 og 10 dagar, den lengste turen tek til i Seljord. Frå søraust går ein krevjande men naturskjønn 5 dagars tur frå Hovden i Setesdal. Frå sør går 5 dagars tur frå Stavanger, her er det og mogleg å gå delar av turen.

www.roldalstavkyrkje.no

Sommaraktivitetar

Sommeraktiviteter i RøldalVelkomen til Røldal, den perfekte base for naturopplevingar i Fjord-Noreg!

Her finn du uendelege stiar og fjellvegar i alle retningar, flotte fiskevatn og til og med toppar med snø heile året!

Les meir

Attraksjoner

Røldal StavkyrkjeI og rundt Røldal finn du eit utal spor etter tidlegare aktivitet.

I fjellområda finn du stølstufter, gamle ferdslevegar og teikn på tusenårige jakttradisjonar.

Les meir

Overnatting

Overnatting i RøldalRøldal har tradisjonar for reiseliv, og her finn du alt frå enkle teltplassar til moderne hotellrom.

På Hordatun er det hotellrom og leilegheiter, og inne i Røldal finn du eit breitt utval overnatting for ein kvar smak.

Les meir