0
Shares

Kvart år, helga nærast gamaljonsok 7. juli, arrangerast pilegrimsstemnet i Røldal. Dette er ei moderne vidareføring av pilegrimstradisjonane Røldal har hatt gjennom mange hundre år.

Mange kjem til bygda til fots denne helga og det arrangerast fellesvandringar frå Seljord, Hovden, Suldal og Hardanger. Høgdepunktet for stemnet er midnattsmessa laurdagskvelden.